Laboratoriemedarbeidar
– vikariat

Er du interessert i eit spennande 12-månaders vikariat i genomikkavdelinga vår?
Blue Analytics AS er eit bioteknologiselskap som tilbyr analysetenester til akvakultur- og landbruksnæringa.
Vår spesialkompetanse er innan molekylærbiologi og genomikk.
Vi utfører laboratoriearbeid som genotyping, PCR og sekvensering.
Analysane våre gir kunnskap om helsa og eigenskapane til dyra, slik at oppdragsgjevarane våre kan ta faktabaserte avgjerder til det beste for velferd og ein berekraftig produksjon.
Då vi har tilsette som skal ut i permisjon, søkjer vi no ein laboratoriemedarbeidar til eit 12-månaders vikariat ved laboratoriet vårt på Marineholmen i Bergen.
Stillinga er knytt til genomikkavdelinga vår, med hovudvekt på DNA-isolering og genotyping.
Dine hovudarbeidsoppgåver vil vere:
- Klargjering og utsending av prøvetakingskit til kundar
- Mottak, registrering og klargjering av prøvar til analyse
- DNA-ekstraksjon
- Genotyping
- Bidra til andre oppgåver i laboratoriet ved behov
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev som laborant eller er utdanna bioingeniør (nyutdanna blir oppmoda til å søkje)
- Er praktisk anlagt, nøyaktig og arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med rutinearbeid i eit høgt tempo
- Meistrar norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg
- Har pPraktisk erfaring frå eit rutinelaboratorium er eit krav for denne stillinga. Slik erfaring opparbeidd gjennom praksis som ein del av utdanninga blir rekna som tilstrekkeleg. Det vil bli gitt spesifikk opplæring i våre metodar for DNA-ekstraksjon og genotyping.
Vi tilbyr:
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheiter til å lære og utvikle deg innan laboratoriearbeid
- Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Arbeidsstad: Blue Analytics sitt laboratorium på Marineholmen i Bergen
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte:
Laboratorieleiar – Marianne Hauglid Flågeng: 996 03 177 / marianne.flageng@blueanalytics.no
Søknad med CV sendast innan 31.12.2026 (via finn.no) her
