Er du vår nye senior laboratoriemedarbeidar?

Vi søker erfaren molekylærbiolog til sentral rolle i vårt akkrediterte laboratorium
Blue Analytics AS er eit laboratorium akkreditert etter ISO/IEC 17025.
Vi leverer molekylærbiologiske analysar med høg kvalitet og driv samtidig med forsking og utvikling.
No søkjer vi ein erfaren laboratoriemedarbeidar som vil vere den metodefaglege krafta i rutineproduksjonen vår.
Hovudtyngda av stillinga ligg i produksjon, og du får i tillegg bidra i utvikling av nye metodar og prosjekt innan F&U.
Vi ser etter deg som trivst med stabil drift, har djup teknisk innsikt og er oppdatert innafor molekylærbiologiske metodar.
Arbeidsoppgåver
Rutineproduksjon (hovudtyngda av stillinga)
- Utføre og ha metodisk ansvar for molekylærbiologiske rutineanalysar, mellom anna sanntids-PCR, digital-PCR og sekvensering
- Håndtering av pipetteringsrobotar og anna automatisert utstyr
- Vere fagleg støtte for kollegaer og bidra i opplæring
- Kvalitetskontroll, avvikshandtering og dokumentasjon etter ISO/IEC 17025
- Identifisere og føreslå forbetringar og effektivisering i analyseflyt og metodar
- Rapportering av resultat til kunde
Forskning og utvikling
- Teknisk metodeutvikling, optimalisering og implementering av nye analysar
- Planlegge og gjennomføre verifisering og validering av metodar
- Bidra i F&U-prosjekt og overføring av nye metodar til rutinedrift
- Arbeidsmengda varierer gjennom året.
- I periodar vil oppgåvene i hovudsak vere knytte til produksjon.
Kvalifikasjonar
Krav
- Mastergrad i molekylærbiologi eller tilsvarande relevant utdanning
- Minimum 6 års erfaring frå rutinelaboratorium
- Solid praktisk erfaring med sanntids-PCR og sekvensering
- Erfaring med validering og verifisering av metodar
- Erfaring med laboratorierobotar og automatisering
- Erfaring med teknisk metodeutvikling
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (minimum B2-nivå) og engelsk
Det er ein fordel med
- Erfaring frå akkreditert laboratorium (ISO/IEC 17025 eller tilsvarande)
- Erfaring med LIMS
- Erfaring med primer/probe design for PCR
- Erfaring med digital-PCR
- Erfaring med fylogenetiske analyser
Personlege eigenskapar
- Du er nysgjerrig, ser problem før dei blir store og finn kreative løysingar
- Du trivst med rutinearbeid og tek eigarskap til at drifta går stabilt
- Du er strukturert og nøyaktig, med sans for kvalitet og dokumentasjon
- Du er fleksibel og kan prioritere produksjon når situasjonen krev det
- Du deler kunnskap og er ein trygg fagperson for kollegaer
- Du er ein pådrivar og sørger for at påbegynte oppgaver vert gjennomført
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle med stort metodisk ansvar i eit akkreditert laboratorium
- Variasjon mellom stabil rutinedrift og spennande utviklingsprosjekt
- Kompetente kollegaer og eit fagleg sterkt miljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Synes du dette høres interessant ut, vil vi gjerne høre fra deg.
Spørsmål om stillingen kan rettes til:
Laboratorieleder – Marianne Hauglid Flågeng: 996 03 177 / marianne.flageng@blueanalytics.no
Daglig leder – Anette Hansen Kausland: 977 67 169 / anette.kausland@blueanalytics.no
Søknad sendes innen 08.11.2026 (via finn.no) her
Om arbeidsgivaren
Blue Analytics AS er eit bioteknologiselskap som tilbyr analysetenester som grunnlag for løysingar på biologiske utfordringar og forbetringar i akvakultur- og landbruksnæringa.
Vi utviklar og utfører diagnostikk, smittesporing av sjukdomar og genotyping av fisk og andre artar. Analysane blir mellom anna brukte innan helseovervaking, mattryggleik, avlsarbeid og opphavsbestemming.
Analysane våre gir kunnskap om helsa og eigenskapane til dyra, slik at oppdragsgjevarane våre kan ta faktabaserte avgjerder til det beste for velferd og ein berekraftig produksjon.
Vi har høg kompetanse innan molekylærbiologi, genomikk, virologi og bakteriologi. Denne kompetansen er bygd opp i nært samarbeid med fiskehelse- og oppdrettsselskap sidan 2010.
Til saman er vi 21 medarbeidarar, og vi held til i nye lokale på Marineholmen i Bergen.
Blue Analytics er eigd av EW GROUP, eit internasjonalt holdingselskap som opererer innanfor landbruks- og akvakultursektoren. Dotterselskapa i EW GROUP utviklar og leverer produkt innan forretningsområda avl, diagnostikk, vaksine og fôrtilskot. Gruppa har ein global kunnskapsbase og eit stort analysenettverk med komplementære produkt og tenester som vi dreg nytte av.
