Vil du bidra til å utvikle og selje framtidsretta løysingar for havbruksnæringa?

Vi søker ein nysgjerrig og initiativrik salgs- og produktspesialist som vil vere med å auke salet av både eksisterande og nye produkt innan fiskehelse og havbruk.
Hos oss får du jobbe i skjeringspunktet mellom FoU, fag og marked – der du bidreg til å ferdigstille produkt, kommersialisere nye løysingar og sikre at kunnskap og teknologi faktisk skaper verdi ute hos kundane.
Du vil jobbe tett med vårt FoU-miljø og vår leiar for salg og marked, som har eit solid bransjenettverk. Samtidig får du ansvar for å bygge eigne relasjonar, tilføre nye perspektiv og drive fram nye salgs- og marknadsmoglegheiter.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som har nokre års erfaring og ønskjer meir ansvar, påverknad og ei sentral rolle i både produktutvikling og salg.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt til auka salg av eksisterande og nye produkt og tenester
- Ta ei produktspesialistrolle og vere fagleg støttespelar for kundar og kollegaer
- Delta i ferdigstilling, testing og kommersialisering av nye løysingar (go-to-market)
- Vere bindeledd mellom FoU, fagmiljø og marked
- Identifisere kundebehov og omsette desse til konkrete produktforbetringar og sal
- Planlegge og gjennomføre kundemøte, presentasjonar og oppfølging
- Bidra med analyse av data og beslutningsgrunnlag
Vi ser etter deg som
- Har bakgrunn eller erfaring frå havbruk, akvakultur eller fiskehelse
- Har minimum 3-5 års relevant erfaring frå oppdrett, leverandørindustri, rådgiving, salg eller FoU
- Trivst i kombinasjonen fag og kommersielt arbeid
- Er trygg i kundedialog og motiverast av å skape resultat
- Er god til å formidle komplekse tema på ein enkel og truverdig måte
- Er strukturert, initiativrik og likar å ta eigarskap til eigne prosjekt
Det er ein fordel om du også har
- Kunnskap om statistikk og datanalyse
- Kjennskap til fiskehelse eller biologiske problemstillingar
- Erfaring med produktutvikling, testing eller lansering
- Erfaring med presentasjonar, kurs eller formidling
- Ein del reisevirksomhet må påbereknast
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Ei sentral og synleg rolle i eit innovativt fagmiljø innan havbruk og fiskehelse
- Moglegheit til å påverke både produktutvikling, kommersialisering og salg
- Tett samarbeid med erfarne fagpersonar og salgsleiing
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksibel arbeidshverdag og gode utviklingsmoglegheiter
Spørsmål om stillingen kan rettes til:
Daglig leder – Anette Hansen Kausland: 977 67 169 / anette.kausland@blueanalytics.no
Leder for salg og marked – Dag Knappskog: 414 34 424 / dag.knappskog@blueanalytics.no
